Jordskokkpuree m/hjortekarbonader
Det har ein periode vore liten aktivitet på bloggsida mi. Grunnen til det er at eg har hatt ferie og ein fantastisk tur til Tanzania. Der vart det lite matlaging på meg, men mykje god mat har vi ete likevel. Kan hende det med tid og stunder blir laga noko som høyrer til i Tanzania. Nå er kvardagen her igjen og litt mat må vi ha. Me er også så heldige å ha Ane og Magnus heime igjen. Dei tek også over noko av matlaginga i huset. Det betyr også at dei fleste rettane er til 4 personer.
Jordskokkpuree:
4 poteter
3 fedd kvitløk
750 g jordskokk
Det er mykje vatn i jordskokk. Av den grunn dampkokar eg dei. Når dei er møre, bruker ein stavmikser el potetstampar og moser grønsakene. Tilsett 1 ss smør, salt og pepar etter smak.
Hjortekarbonader:
1/2 kg hjortekjøtdeig
400 g karbonadedeig
3 egg
2 ss olje
1/2 kopp vatn
Salt og pepar
1 liten løk i små biter
Bland salt inn i kjøtdeigen først av alt. Bland alt godt. Steik i varm steikepanne med smør.
Til saus koker eg ut panna i vatn, tilset 1 liten løk i skiver. Som jevning bruker eg 2 ss maisenamjøl utrørt i litt vatn. Rør mens jevning helles i sausen og til den er kokt opp. Denne sausen vert glutenfri.
Som tilbehør har eg brukt lettkokt blomkål og brokkoli + bladsalat m/ paprika og tørka tranebær.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar