Heilsteikt lammelår
Gni lammelåret inn med olje og kvitløk. Press nokre kvitløkfedd inn langs beinet på låret. Peppre, og strø på mykje friske urter, timian, basilikum, oregano og rosmarin. Legg låret på ei seng av kvitløk og sjampignon. Pakk det inn i alminiumfolie og steik ved 125ºC ca 3-4 t. Skru opp varmen 225ºC og ta av folien og la det steikeovnen 30 min til. La det kvile ei tid før servering. Server nykokte poteter, lettkokte gulerøter, blomkål og brokkoli til. Lag saus av sjy frå lammelåret.
Saus: hold sjyen varm, la den koke. Tilsett mjøljevning ( vatn og mjøl) og la det koke ca 10 min til mjølsmaken er borte.
1 kommentarer:
Det var helt fantastisk, mor!
Legg inn en kommentar