onsdag 4. august 2010

Nektarin- eller ferskensyltetøy

Då me budde i Bangladesh vart me vande til litt anna type syltetøy enn det me brukar her i Norge. Det er for tida billeg nektarin og fersken. Det vert ikkje heilt det same som mangosyltetøy, men det minner noko.
Fjernet steinane i 6 kg nektarin el fersken. Skjær dei i små bitar. Ha 3/4 l vatn i ei stor gryte og kok opp frukta i det. Dessert fruktene treng lang tid på å koka sundt. Det hender at eg brukar stavmiksaren for å få det ferdig fortare. Når frukta er passe kokt tilset knapt 11/2 kg sukker. Gi det eit oppkok. Tilset safta av 2 sitronar. Rør om og ha det på reine og varme glas. Tett dei godt. Sitronsafta vil gi betre holdbarhet.







0 kommentarer:

Maris kjøkken   © 2008. Template Recipes by Emporium Digital

TOP