Varm fersken med is
Denne desserten har eg fått inspirasjon til frå aftenbladet si matside. Den var berre god, så den bør prøvast.
Beregn 1 fersken el nektarin pr pers.
Del ferskenen i to og ta ut steinen. Legg dei i ei smurt eldfast form. Strø over appelsinskal, 1 dl sukker og drypp appelsinsaft over. Strø 2 dl bær, gjerne frosne, bjørnebær eller bringebær eller det du har, over. Set inn i forvarma ovn på 225ºC i 15 min. Ta forma ut og strø 4 ss grovhakka pekan- eller valnøtter over. 2 ss flytande honning kan passa å ha over. Sett det inn i ovnen igjen og la det stå 5 min. Server med is eller litt stivpiska fløyte.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar